Julehandel i Lesja
Det er viktigare enn nokon gong at vi i år handlar lokalt, støttar opp om og nyttar lokalt næringsliv. Bli med på nisserunden og ta førjulshandelen rundt om hos bedrifter i Lesja, og du kan vinne premiar frå dei lokale butikkane og opplevingsstadene.
I år tek du med deg eit "nissekort", får kortet stempla/signert hjå seks foretak du er innom og handler av i bygda. Når kortet er fullt, skriv navn og telefonnummer på og lever det den sjette staden du er innom. Og så kan du gjere det same ein gong til.
Dette kan du vinne:
-Knaggerekke (verdi 500,-) frå LUNT- inne, Anseth & Brøste
-Gåvekort på pizza for 2 personer hos Avdemsbue (verdi 370,-) frå Avdem gardsysteri
-Gåvekort (verdi 300,-) frå Bunnpris Bjorli
-Værstasjon (verdi 470,-) frå Vik Elektronikkservice
-Gåvekort (verdi 250,-) frå Coop Marked Lesjaverk
-Gåvekort (verdi 300,-) frå XL Bygg Bjorli
-Gåve (verdi 250,-) frå Blomsterstugu
-Hårbørste + volumspray (verdi 500,-) frå Jorunns Hårstugu
-Interiør (verdi 1000,-) frå OiiOii
-2kg kortreist kjøttdeig (verdi 350,-) frå Kolstad gard
-Gåvekort (verdi 400,-) frå Lesja Innkjøpslag
-Pizzagåvekort (verdi 250,-) frå YX Bjorli
-Gåve (verdi 300,-) frå Ljosbakken gard
-Bålpanne (verdi 800,-) frå Joker Lesja
-Gåvekort (verdi 200,-) frå Lesjabygde kafé
-1kg hjortekarbonadar (verdi 265,-) frå Høgfjellshjort
-2 dagskort i klatreparken Høyt og Lavt Bjorli (verdi 405,- pr. kort) frå Bjorli Skisenter
-2 dagskort i skiheisen (verdi 490,- pr. kort) frå Bjorli Skisenter
Kampanjen går frå 1. desember til og med 24. desember. Trekninga blir offentleggjort på Visit Lesja sin Facebook i romjula.